Hausten er ei flott tid for tur i Vinje. Fjellet skiftar farge, temperaturen er god for tur og naturen byr på mange fine opplevingar. Samstundes er hausten jakttid, og det er fint å vere litt ekstra merksam når ein ferdast i skog og fjell.
I Åmot-området er særleg elgjakta aktuell frå slutten av september. Jakt er ein naturleg del av hausten, og turgåarar og jegerar kan fint bruke dei same områda når me viser omsyn til kvarandre.
Nokre gode råd på haustturen
- Vel gjerne merka turstiar og kjende turruter.
- Kle deg i synlege fargar, særleg dersom du ferdast utanfor merka sti.
- Møter du ein jeger, ta gjerne kontakt. Høyr kvar jakta går føre seg og følg råd om kvar det er best å ferdast vidare.
- Ser du ein jakthund med peilar, la hunden få arbeide i fred. Jakthundar kan bevege seg over store område og vere eit godt stykke frå jegeren.
- Ha kontroll på eigen hund og ver merksam på gjeldande reglar for bandtvang.
- Hugs at det framleis kan vere sau og andre beitedyr ute.
I Vinje gjeld bandtvang i utmark der bufe beiter fram til 10. oktober. Det er eigne unntak for mellom anna hundar som blir nytta under lovleg jakt.
Vil du velje ein sentrumsnær tur?
For deg som ønskjer ein enkel og lett tilgjengeleg hausttur i Åmot, er Ormetjønn, Fløtarvegen og Hyljås gode alternativ.
Her kan du nyte haustfargane og kome deg ut på tur utan å måtte langt frå sentrum.
Det er god plass til både turgåarar, jegerar og firbeinte i naturen. Litt ekstra merksemd og god kommunikasjon gjer haustturen tryggare og trivelegare for alle.



