Lurar du på kva du kan finne på i haustferien i Vinje? I Åmot og nærområdet finn du aktivitetar for både små og store – ute og inne.
Her er nokre tips til ting å gjere i Vinje i haustferien:
🧭 Stolpejakta i Vinje
Har du ikkje prøvd Stolpejakta før? Last ned Stolpejakten-appen og kom i gang! I Vinje er det sett ut 54 stolpar, hovudsakleg lagde opp som fine rundløyper.
Stolpejakta er gratis, passar for heile familien og er ein fin måte å utforske nye område på. Haustferien er også ei god anledning til å finne dei siste stolpane før dei blir tekne inn.
Stolpane står ute til 11. oktober, med atterhald om tidleg sno.
🚲 Sykkelløypa på Groven
Ta med sykkel og hjelm og prøv sykkelløypa på Groven Camping i Åmot.
Den om lag 900 meter lange, blågraderte flytløypa går gjennom skogen med svingar, trebruer, små hopp og dropp. Alle element kan trillast forbi.
For dei som vil ha litt meir utfordring, ligg det også ei eiga hoppline for vidarekomne i enden av løypa.
🍁 Tur langs Hyllandsfoss
Turstien frå Leirli bru til Ja-benken og vidare opp Steinmerre er nyleg rusta opp med nytt grusdekke. I dei brattaste partia er det lagt inn fleire svingar for å gjere stigninga litt lettare.
Turvegen ligg sentralt i Åmot og byr på flott utsikt mot Hyllandshylen og Hyllandsfoss.
Området er framleis ein del av Fløtarvegen-prosjektet, men turvegen er klar til bruk.
🔥 Badstoge på Spegle Hyllandsfoss
Krisp haustluft, vedfyrt badstoge og eit forfriskande bad – ein perfekt haustferieaktivitet.
Badstoga ligg på den gamle fløtarmuren ved Hyllandshylen og passar fint som ei oppleving i seg sjølv, eller som avslutning etter ein aktiv dag ute.
📚 Besøk Vinjesenteret
Vinjesenteret er eit godt alternativ når vêret ikkje freistar til uteliv.
Her finn du utstillingar, digitale aktivitetar og opplevingar for både vaksne og born.
🥐 Ta turen til Mjonøy
Haustferien er ei fin anledning til å besøke Mjonøy og få med seg dei siste dagane på bakeriet før haustsesongen er over.
Kombiner gjerne besøket med ein liten tur langs elva eller vidare mot Smørklepp. Mjonøy tilbyr også overnatting for dei som vil bli litt lenger.
🏊 Symjing på Vinjehuset
Ein aktiv dag ute kan avsluttast med ein tur i symjebassenget på Vinjehuset i Åmot.
Bassenget har kveldsopning på vekedagar og dagtilbod på laurdagar, og er også eit fint alternativ på ein grå haustdag.
Sjekk gjeldande opningstider før du reiser.
🥾 Vinjetrimmen
Vil du ut på tur? Vinjetrimmen held fram til 31. oktober og byr på turmål med ulik lengd og vanskegrad rundt om i Vinje.
Finn fram Trimpoeng-appen og sjå om du oppdagar ein ny favorittur i haustferien.
🛍️ Handelsentrum i Åmot
Det er lett å bruke ein heil haustferiedag i Åmot sentrum.
Her finn du både kjende kjedebutikkar og sjølvstendige butikkar med sine heilt eigne varesortiment. Her kan du lett kombinere handel og sentrumsnær vandring.
God haustferie! 🍂
Hugs at hausten er jakttid. Vis omsyn når du ferdast ute, bruk gjerne merka turstiar og kle deg synleg.