Haustferie i Vinje!🍂

Velkomen til haustopplevingar i Vinje!

Her kan du sjå ein liten oversikt over kva dei neste dagane bringar;

🍁 3.oktober: Målekurs med Ruth K. Dalen
🍁 4.oktober: Konsert på Vinjehuset
🍁 5. oktober: Haustfest på Rauland
🍁 6. oktober: Tour De Øyfjell og baklukesal
🍁 10. oktober: Haugsæltreff
🍁 11. oktober: Haustferiekviss på Groven Camping

I tillegg kan du sjå https://www.vest-telemark.no/vinje for fleire samankomstar i heile kommunen. 

Saman med kva skjer kalenderen vår har me ein del andre spennande aktivitetar du kan finne på- berre sjå tips her;
🍁 Ein varm dukkert i symjebassenget på Vinjehuset.

🍁 Tur til Mjonøy Bakeri, og sjekk ut heilt aldeles nydeleg gjærbakst. Dei har siste opningsdag den 13.oktober, før sesongslutt.

🍁 Utforsk Vinjesenteret som inneheld ei utstilling med utdrag frå bøker og journalistikk, bilete, sitat, flotte digitale installasjonar, spel om kjeldekritikk, barneløype, barnevegg, lesekrok og ei boksamling. Ein stad for heile familien å bruke tid.

🍁 Interessert i litt kvalitetstid med kjærasten eller ein god venn? Book deg eit opphald hjå unike Spegle Hyllandsfoss, anten for overnatting i idylliske omgjevandar, eller for litt koseleg badstove-tid. Kanskje begge delar?

🍁 Glad i å fiske? Me har rikeleg med fiskemogelegheitar i Vinje.

🍁 Haustvandring i fjellheimen?

🍁 Shopping? Me har eit godt utval av butikkar som alle ynskjer deg vamt velkomen til ein triveleg handletur.

Kansje du ser no att lista er lang, og att dagane kan fyllast me mykje moro så behovet for overnatting melder seg?
og skulle du vera svolten medan du besøkjer oss, kan du ta ein nærmare titt her.

Sjå meir

Utvida bandtvang i Vinje

Les meir

Frå Litteraturdagane 2022. Foto: André Nesheim.

Litteraturdagane 26.-29. september 2024

Les meir

Sommaropning på musea våre, og Diktarheimen Midtbø

Les meir

Aktivitetar på Vinjesenteret i sommar

Les meir