Velkomen til Vinje
Åmot – eit naturleg stopp
Kva ynskjer du å gjera i sommar?
Kva skjer i Vinje?
Joleopning i Åmot

Laurdag 28. november inviterer me til joleopning i Åmot sentrum! Det blir jolemarknad, gratis joleverkstadar, joleparade, fakkeltog og tradisjonell jolegrantenning. Ta med familie og vener til ein triveleg førjolsdag i Åmot!
Program for dagen
- Kl. 10.00–15.00 | Jolehandel i sentrum
Butikkane held ope med gode tilbod. - Kl. 11.00–21.00 | Vinjekroa
Held ope og serverer joletallerken. - Kl. 12.00–15.00 | Joleverkstadar
Gratis aktivitetar for heile familien hjå fleire bedrifter i sentrum. - Kl. 13.00–16.00 | Jolemarknad ved Silkevippa
Lokale utstillarar, fyr i bålpanna, gløgg og pepperkaker. - Kl. 13.00–16.00 | Groven
Inviterer til grautservering. - Kl. 15.00 | Joleparade og fakkeltog
Frå Groven Camping til hotelltomta. - Kl. 15.30 | Jolegrantenning
Song, gang rundt joletreet og kanskje besøk av jolenissen!
Nytt i år – joleverkstad i sentrum!
I år inviterer næringslivet til gratis joleverkstadar rundt om i sentrum. Her kan borna vere kreative og lage noko fint til jol!
- Galleri R.K.D, Fristadsenteret: Lag dine eigne jolekort.
- Draumheim, Fristadsenteret: Lag jolepynt.
- Blomen, Bratlandsbygget: Lag koppar med fuglemat i hagen.
- Groven camping: Pynt pepperkaker.
Alle aktivitetane er gratis. Born må vere i følgje med ein vaksen.
Jolemarknad ved Silkevippa
Silkevippa og Vinje Næringslag inviterer til tradisjonell jolemarknad i tunet ved Silkevippa.
Her blir det lokale utstillarar, sitjebenkar, fyr i bålpanna og gratis gløgg og pepperkaker.
Nytt i år – bli med på joleparaden!
I år inviterer me til eit litt annleis fakkeltog gjennom Åmot sentrum!
Me ynskjer å samle små køyretøy som mopedbilar, UTV-ar, firehjulingar og tråtraktorar. Spark og kjelkar er også velkomne, dersom vêr og føre tillèt det.
Pynt gjerne med lys, glitter eller granbar – her er det berre fantasien som set grenser! ✨ Hugs berre å ta omsyn til sikt og tryggleik.
Vinjebilberging leier paraden frå Groven Camping, vidare forbi Forsvarsmuseet og fram til hotelltomta.
Me inviterer også alle små og store nissar til å bli med i fakkeltoget bak paraden! Finn fram nisselua, mal deg raude kinn og kanskje nokre fregner på nasen – så fyller me gatene med smånissar og jolestemning!
Tryggleiken kjem fyrst, og me tek difor atterhald om vêr- og føreforhold for gjennomføring av paraden.
Jolegrantenning og nissebesøk
Me avsluttar dagen med tradisjonell jolegrantenning på hotelltomta. Her blir det jolesongar og gang rundt joletreet.
Og kven veit – kanskje er me heldige og får besøk av sjølvaste jolenissen?
Velkomen til ein stemningsfull førjolsdag i Åmot!
Pepperkakebygda Åmot 2026
Bli med og bygg årets pepperkakebygd!
Finn fram pepperkakedeigen og kreativiteten! Bygg eit kjent hus frå Vinje, eller lag ditt eige fantasibyggverk.
Alle kan delta, og byggverka blir stilte ut på Fristadsenteret i Åmot.
Konkurranse med flotte premiar!
- 1. premie: 4 000 kr
- 2. premie: 2 000 kr
- 3. premie: 1 000 kr
I tillegg kan publikum stemme fram sin favoritt!
Viktige datoar
- 1. desember: Utstilling og innlevering opnar.
- 20. desember: Siste innleveringsfrist.
- 21.–30. desember: Publikumsavstemming.
- 5. januar: Kåring og premieutdeling.
Innlevering: Draumheim på Fristadsenteret.
Reglar: Pepperkake med etande pynt. Maksimal grunnflate 40 × 40 cm.
Me gler oss til å sjå Pepperkakebygda Åmot vekse fram!
Siste nytt
Møt Bruse!
Bruse er vår nysgjerrige maskot – du møter han ute i naturen, på arrangement og midt i sentrum når det skjer noko i Vinje.